Vil du bli køyrd heim til jul av NRK P3?

Illustrasjon av tre personer i vinterklær foran skog og snøfall med teksten P3EKSPRESSEN. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

NRK P3 set opp P3ekspressen for å få lyttarane sine heim til jul. Turen er heilt gratis for deg, og det kan komme spesielle overraskingar undervegs.

Vi set opp totalt fire turar fordelt på desse rutene:

Måndag 14. desember: Oslo - Trondeim

Tysdag 15. desember: Trondheim - Oslo

Onsdag 16. desember: Oslo - Bergen

Torsdag 17. desember: Bergen - Oslo

Under her kan du søke om å få vere med på turen. Dei som får plass på P3ekspressen vil få beskjed innan 1. desember. Har du ikkje høyrd noko innan dette har du diverre ikkje fått plass.